Vi har fått en henvendelse fra en student ved NTNU, som skriver masteroppgave om diagnosefellesskap blant sjeldne diagnoser. Les hva Sunniva skriver under, og ta kontakt hvis du ønsker å delta!
Hei!Eg (Sunniva Brevig Haukland) er student ved NTNU i Trondheim, og jobbar for tida med ei masteroppgåve i sosiologi der eg skal undersøkja tydinga av diagnosefellesskap bland familiar/føresette til dei med sjeldne diagnosar. Her har eg valt å taka utgangspunkt i Williams syndrom som case, for å kunna sjå på ulike tydingar av fellesskapet - om anna gjennom ulike aldrar til barnet.
Val av tema og fokusområde skuldast at eg er oppteken av rettar og mogleikar for menneske med funksjonshindringar og deira familiar, i tillegg til viktigheita og tydinga av fellesskap i samfunnet. Eg har òg ei personleg tilknyting til temaet, som storesøster til ein med Williams. Eg ynskjer derfor å bidra i kartlegginga av tydinga av diagnosefellesskap for familiar med sjeldne diagnosar.
For å undersøkja dette nærmare ynskjer eg å intervjua foreldre med barn i ulike aldrar (både barn og vaksne barn) om deira erfaringar med det å få eit barn med ein sjeldan diagnose, diagnostiseringsprosessen, og det å finna fellesskap med andre familiar med same diagnose. Fokuset i intervjua vil vera på opplevinga av fellesskapet kopla til det å ha eit barn med Williams - og det å kjenna andre med Williams. Eit intervju vil vara omtrent 45-60 minutt, og vil verta anonymisert. Desse kan gjerast både digitalt og fysisk (men da i utgangspunktet i Trondheimsområdet).
Dersom du synast dette forskingsprosjektet høyrdest interessant ut, og/eller ynskjer å bidra til meir forsking om diagnosenettverk, er det berre å taka kontakt med meg på PM, mail (sunnibha@ntnu.no) eller telefon (413 89 344)!
Masteroppgave om diagnosefellesskap
Forrige
Forrige
Jentecamp 2026
Neste
Neste
